Naturglede?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet har mange gode venner. Dei veit kva naturglede er, og dei veit å setje pris på stader der dei kan oppleve denne naturgleda. Då Rauma kommune vedtok sitt slagord om å vere verdas beste kommune å bu i for naturglade menneske, tykte vi det var spanande.

Kva tyder så eit slikt vedtak i praksis? Det er også veldig spanande. På eit område begynner biletet å bli klårt. Blir resten av same sorten, vil heile ideen mislukkast.

Våre venner vil gjerne til fjells. Dei vil slite litt, og når dei har gjort det, vil dei ha ein god premie i form av naturopplevingar med høg kvalitet. Bruker dei dagen på å kome seg til fjells i urørt natur, då er det desse naturkvalitetane ein ikkje finn nær trafikkårer og fast busetnad som verkeleg er premien. Område som har berre naturlege lyder er eit slikt døme.

Etter at Rauma kommune vedtok å vere verdas beste kommune å bu i for naturglade menneske har dei gjeve løyve til ei rad verksemder å lande i fjella med helikopter. Føremålet med helikopterflyginga kan vere så mange slags. Filming for tidsskrift, reklamefilm for banktenester og trelast, og frakt av møblar til fjells. Det siste løyvet gjeld Raumarock. Rykta seier at dei vil ha musikarar til fjells. Ein del av løyva er det gjort vedtak om mindre enn ei veke før flyginga finn stad. Vil ein klage kan ein vere viss på at flyginga er gjennomført lenge før klagen er avgjort. Så langt har ikkje klagene ført fram heller. Fylkesmannen seier at søknadene kan avslåast, men vurderingane ligg innafor det kommunale skjønet som dei ikkje vil overprøve.

Fleire av løyva er gjeve til område tett opp til grensa av verna område.

Det ser elles ut til at det er umogleg å søkje ein kommune om å få lovnad på at eit område skal vere helikopterfritt, så ein kan ta med seg folk som vil sjå på moglegheitene til å drive næring i form av stille opplevingar. Eit paradoks i naturgledekommunen Rauma?

Slik utviklinga er blitt må Naturvernforbundet berre slå fast at naturglade menneske som vil til fjells for å oppleve ro og fred heretter bør halde seg unna Rauma. Rauma kommune er verstingkommunen i Møre og Romsdal når det gjeld løyver til helikopterlanding i naturen. Det er i grunnen sørgjeleg å måtte gje eit slikt råd når vi ei tid trudde at Rauma kommune ville skilje seg ut i ei heilt anna retning.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen