Naturmangfald på Nordmøre 2010

Naturvernforbundet i samarbeid med andre organisasjonar vil i 2010 arrangere nokre møte om naturmangfald nær oss. Det vil bli ulike tema og arrangementa vil bli forskjellige stader i Tingvoll, Gjemnes og Kristiansund.

Temamessig vil arrangementa høve både for liten og stor, anten ein berre vil sjå noko pent eller morosamt eller bruke kunnskapen til noko seinare.

Dei arrangementa som så langt er klare er desse:

Livet i havet

Gjemnes: Kommunestyresalen 14.1.2010 kl. 20.00-21.50

Nils Aukan viser bilete som tar oss med under havoverflata.

Samarbeidspart: Kristiansund Dykkerklubb

Vi tilrår bruk av Timeekspressen sørafrå, kjem til Batnfjorden 19.55, og avgang sørover igjen 21.55.

Nordafrå manglar det ein avgang 21.55, så her må ein anten vente ein time ekstra eller invitere med fleire så ein kan fylle opp bilen.

Villblomstenes dag

Tingvoll: Dette er ein tur med mange stopp i terrenget, med Øystein Folden som turleiar. Han får truleg hjelp av ein som er god på fuglelydar også. Stad blir bestemt i løpet av mai, tidspunktet er 20.6.2010 kl. 1300

Arrangør er Norsk Botanisk Forening, i samarbeid med Naturvernforbundet.

Soppdag

Tid og stad kjem seinare.

Øystein Folden har meir informasjon om arrangementa. Han har telefon 91 81 25 42 og epost moreromsdal(a)naturvern.no.

Skogmarihand

Soppen Ramaria sanguinea, 3 funn i Tingvoll, ca. 20 i heile landet.

Blomkålkorall

Blomkålkorall