Naturmangfoldloven og helikopterlandingar – mykje å gå på

Giske kommune beklager i eit brev til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal at dei ikkje har vurdert omsynet til naturmangfold når dei har gitt løyve til helikopterlanding på Godøyfjellet.

Bakgrunnen var ein klage frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på at NRK fekk løyve til å lande på Godøyfjellet i Giske kommune.

Naturvernforbundet peika i klagen på at naturmangfoldloven kom allereie i 2009, og at det no er obligatorisk for kommunane å vurdere omsynet til naturmangfold i slike saker.