Naturressursane er brukte opp for i år

Frå no av lever Noreg på krita. Me har brukt opp vår del av naturressursane for i år. At denne dagen kjem så tidleg, er ein vekkar for kor høgt forbruket vårt er. 

Det er organisasjonen Global Footprint Network som årleg reknar ut ein dato for den såkalla overforbruksdagen. I år fall datoen i Noreg på 12. april medan datoen for heile verda fall på 2. august i fjor.

Forbruket vårt er skremmande høgt.

I gjennomsnitt bruker ein nordmann 18,6 tonn råvarer for å dekkje det årlege forbruket sitt. Til samanlikning er verdsgjennomsnittet per person 4,9 tonn. Berre sidan 2015 har forbruket til norske hushaldningar auka med heile 16 prosent.

Dersom alle skulle hatt like høgt forbruk som nordmenn, ville me hatt behov for 3,6 jordklodar. Det viser at norsk forbruk i dag er langt frå berekraftig.

Ein ny FN-rapport åtvarar mot nye og alvorlege miljøkatastrofar om ikkje forbruket av naturressursar endrar seg drastisk.

Rike land bruker seks gongar meir ressursar per innbygger enn fattige land. På same tid bidreg rike land ti gongar meir til global oppvarming per innbyggjar enn fattige land. Fattige land blir og hardare ramma av forureining, klimaendringar og tap av naturmangfald enn dei rike landa.

På verdsbasis vil forbruket av ressursar auke med 60 prosent dei neste 40 åra, dersom ressurane ikkje blir brukt meir effektivt og berekraftig.

Mange er klar over at me kjøper og kastar for mykje, men tenkjer kanskje ikkje over kva konsekvensar det har for jorda me lever på.

Sjølv om ansvaret for å løyse problemet ligg til samfunnet som heilskap har me som enkeltindivid eit stort ansvar for å redusere konsumet vårt i eit system som i stor grad er rigga for å få oss til å gjere nettopp det motsette.

Levesettet vårt trugar tre gonger så mange artar som i 1995. Er det verdt desse øydeleggingane?