Naturverdiane i Myklebustvatnet og Herøy kommune

Ordførar Arnulf Goksøy skriv svar til Eimar Hagen i samband med planane om ny innfartsveg til Fosnavågen. I svaret har han også eit sleivspark til Naturvernforbundet. Dette bør ikkje få stå uimotsagt.

I perioden 2006 – 2008 utarbeidde Herøy kommune eit framlegg til reguleringsplan for ny innfartsveg til Fosnavågen. Saman med reguleringsplanen blei det også lagt fram ei konsekvensutgreiing. Det er eit felleseuropeisk krav om slike utgreiingar i samband med utbyggingar og andre tiltak som kan ha store konsekvensar for natur og miljø.

Noreg har vedtatt at tap av biologisk mangfald skal stoppast innan 2010. Kommunen som ansvarleg for arealbruken i distrikta er dei som skal passe på dette. Det er difor oppsiktvekkande at Herøy kommune ser bort frå dette og i praksis let ”utviklinga” gå sin gang utan tanke for naturverdiane. Det er ikkje Naturvernforbundet som er ansvarleg for at det biologiske mangfaldet har det bra, men vi skjønar no at vi må passe betre på kva Herøy kommune gjer.

Forvaltning av naturverdiar av nasjonal verdi er ein nasjonal sak, både av di vedtaket må opp på regjeringsnivå, og av di det å gi løyve til denne typen inngrep i eit naturreservat er ei sak som kan ha konsekvensar. Det er diverre fleire uansvarlege ordførarar som kan tenke seg å få oppheva litt vern rundt omkring.

Medan mange kommunar og også utbyggarar av småkraftverk i t.d. Herøy, Stranda eller Rindal sender kopi (ofte på e-post) både av meldingar med forslag til utgreiingsprogram og av søknader og konsekvensutgreiingar til Naturvernforbundet og andre miljøvernorganisasjonar, var ikkje Herøy kommune så interessert i å få inn ulike syn. Planane deira blei annonsert i Vestlandsnytt, som er ei av 29 aviser som blir gitt ut eller lese ulike stader i Møre og Romsdal. Sjølv om vi naturvernarar er svært interessert i lokale nyhende og naturinngrep, driv vi faktisk med naturvern på fritida, og med avgrensa ressursar.

Miljøinformasjonslova krev at offentlege verksemder aktivt skal informere om tiltak dei gjer som kan skade miljøet. Viss det ikkje er lokale organisasjonar som arbeidar med miljøspørsmål har kan hende kommunen behov for å setje Naturvernforbundet på adresselista si slik at dei oppfyller informasjonsplikta. Naturvernforbundet meiner Herøy kommune i denne saka har gjort for lite for å orientere om eit tiltak som har nasjonal naturverninteresse og difor særleg interesse for naturvernorganisasjonane. Ordføraren kallar dette å sove i timen; vi vil spørje kven som søv tyngst. I denne saka er det viktig å hugse at det er Myklebustvatnet naturreservat som har nasjonal interesse. Ikkje innfartsveg til Fosnavåg.

Naturvernforbundet blei kjent med planane til Herøy kommune gjennom eit ope brev til oss i august 2008. Vi kontakta då kommunen, varsla at dette var ei sak Naturvernforbundet hadde interesse i, og fekk etterkvart kopi av planane. I fråsegna Naturvernforbundet sendte Herøy kommune skreiv vi at Naturvernforbundet reagerer sterkt på at Herøy kommune og Statens vegvesen i denne saka har sørga for å gjennomføre ei kostbar utgreiing av rasering av eit verneområde. Vi slo vidare fast at desse pengane kunne vore nytta på betre måtar dersom høyringa av utgreiingsprogrammet hadde blitt gjort på ein fagleg forsvarleg måte, med involvering av naturverninteressene som Naturvernforbundet representerer. Då hadde det blitt enda tydelegare at alternativet med rasering av Myklebustvatnet høyrer heime på ”historiens skraphaug”.

Veg gjennom Myklebustvatnet naturreservat blir det ikkje, men både Herøy og andre kommunar i fylket bør lage seg ei adresseliste over kven som skal få tilsendt planar som kjem i inngrep med verna eller verneverdig natur eller som har andre store miljøkonsekvensar. På den adresselista skal Naturvernforbundet stå.Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen