Naturvernforbundet aksepterer landingsløyve helikopter til X2-arrangementet i Ørsta

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Ørsta og Volda til Ørsta kommune.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har hatt eit lite samråd og vil oppsummere heilt enkelt:

1. Dette er ein aktivitet som går føre seg i sentrumsnære område med preg av verksemd frå før. Dei negative verknadene av helikopterverksemd er då mykje mindre enn om dette skjer på stader som er stille frå før. Då ser vi først og fremst på at arrangementet får folk ut og til fjells. Men det er viktig at ikkje verksemda blir flytta til stille område eller aukar mykje i omfang, i alle fall i høve dette med motorferdsel.

2. Arrangementet er konsentrert om kort tid. Folk kan lett velje å bruke andre stader i denne tida.

3. Sidan søknaden kjem først no skulle ein tru at dette er eit tilfeldig, lite arrangement som er kome på no nyleg. Det er jo langt frå sanninga. Søkjar bør få beskjed om å søke i rett tid neste gong. To-tre månader på førehand bør ikkje vere urimeleg.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen