Naturvernforbundet ber Landbruksdepartementet endre gjødselreglar

Etter ein lokal debatt i Tingvoll om spreiing av husdyrgjødsel ber Naturvernforbundet om at reglane for lagring og spreiing av husdyrgjødsel blir endra.

Naturvernforbundet i Tingvoll har klaga på kommunen sitt vedtak om lokal gjødselforskrift. Dei meiner at fristen 1. oktober for spreding utan nedmolding ikkje kan forsvarast på biologisk grunnlag, og at så sein møkkaspreiding vil føre til forureining. Vidare er det ein del vassdrag som ber preg av å vere overgjødsla over mange år. I nedbørsfelta til desse vassdraga bør det vere ytterlegare restriksjonar på tidspunktet.

Etter ein lesarbrevrunde i avisene ser det ut til at bøndene har eit problem

med for små møkkakjellarar, slik at det ikkje er råd å lagre møkka til våren.

Dette er truleg eit generelt problem for fleire kommunar, og fylkeslaget har difor tatt opp denne problemstillinga med Landbruksdepartementet. I brevet blir det bedt om ei vurdering av kravet til lagringsvolum og vidare om gode tilskotsordningar slik at gjødsellagra blir store nok. På den måten får ein håpe at det blir slutt på overgjødslinga av vassdraga i jordbruksområda.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Svaret frå Landbruks- og matdepartementet 14. september 2006

Les brevet til Landbruksdepartementet

Gjødselforskriften til Tingvoll kommune