Naturvernforbundet ber Miljøservice i Eide om meir miljøinformasjon

Naturvernforbundet har tidlegare bedt Miljøservice i Eide om ei rekke opplysningar, etter at det har vore stor tvil om verksemda har drive lovleg.

Spørsmåla Naturvernforbundet har stilt denne gangen er:

1. Årleg rapport

Løyvet de har for avfallshandsaming seier i pkt. 8.2 at de skal levere ein rapport årleg. Vi ber om å få kopi av rapporten som de hadde frist til 1.3.2008 å levere.

2. Ureina grunn

I løyvet pkt. 5 står det om ureina grunn og plikt til å halde greie på kva område som er ureina. Vi ber førebels ikkje om kart over ureina grunn, men spør om de har område med ureina grunn, kva ureining det er tale om og om det er kartfesta.

3. Tette flater og kontrollert avrenning

I løyvet pkt. 3.6 og 3.7 er det sett krav til at avfallshandsaminga skjer på tett flate med kontrollert avrenning. For delar av verksemda gjeld også at det er tak over. Vi ber om å få oppgåve over kvar i anlegget de no har flater som oppfyller dette kravet. Jf. også løyvet pkt. 3.5.2 og 3.5.3.

4. Skadedyrkontroll

I løyvet pkt. 3.5.5 er det krav om skadedyrkontroll med godkjent firma. Vi ber om å få kopi av gyldig avtale, eventuelt fullmakt til å ta kontakt med firma de har avtale med slik at vi kan spørje dei direkte om kva oppfølging dei har for anlegget.

5. Målingar av utslepp

I løyvet pkt. 8.5 står det ein del om målingar for å kontrollere at det ikkje skjer utslepp frå verksemda. Det måleprogrammet som de har levert sist haust og løyvet tilseier at det no skal ligge føre ein del målingar. Vi ber om å få utlevert kopi av måleresultata frå tida etter 1.9.2007.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Spørsmål om miljøinformasjon