Naturvernforbundet ber Norddal kommune verne meir skog og vassdrag

Norddal kommune har bede Naturvernforbundet om innspel til kommuneplanprosessen sin. Naturvernforbundet fokuserer i sin uttale på korleis Norddal kommune kan gjøre sitt for å sikre naturmangfaldet.

Naturvernforbundet ber Norddal kommune om å sikre naturverdiane i vassdraga i kommunen. Den omfattande utbygginga av småkraft i Møre og Romsdal har ført til at bekkekløfter og småfossar kan bli truga natur.

Dessutan ønskjer Naturvernforbundet at Norddal kommune arbeider med å sikre olivinfuruskogen i Onilsafeltet. Olivinfuruskog er truleg den sjeldnaste og sterkast truga vegetasjonstypen i Noreg og Europa.

Naturvernforbundet ber også kommunen arbeide for å sikre naturmangfaldet i eit unikt skogsområde mellom Lauvvikane og Linge.

For meir informasjon kan Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Norddal kommune