Naturvernforbundet ber om at Tingvoll kommune avslår ein søknad om oppdrett på Håberget

Fråsegn til Tingvoll kommune.

Lerøy Hydrotech har søkt om dispensasjon frå arealdelen til kommuneplan for etablering av ein tamfisklokalitet ved Håberget.

Naturvernforbundet meiner oppdrettsindustrien har tøyd strikken så langt både når det gjeld arealbruk og volum og over tid at sumverknaden alt er drygare enn det som er tilrådeleg, før det eventuelt blir vurdert dispensasjon for arealet som omsøkt.

Oppdrettsindustrien viser til Nordmørsmodellen og at alt no skal bli så mykje betre.

Naturvernforbundet har forståing for tankane bak denne strategien. Men det må takast utgangspunkt i kva naturen tåler, og så kan oppdrettarane tilpasse seg med Nordmørsmodellen på resten. No så blir det vist til nemnte strategi, og så blir det pressa på for å få anlegg på stader det ikkje er tilrådeleg med anlegg. Viss avslag på omsøkte lokalitet tilseier at oppdrettsindustrien må innskrenke seg, ja så må dei nettopp innskrenke seg.

Naturvernforbundet ber om at Tingvoll kommune avslår søknaden om dispensasjon.

Fråsegna til Tingvoll kommune