Naturvernforbundet ber om grundige utgreiingar for Rognskog vindkraftverk
Agder Energi har meldt at dei ønskjer å søke om konsesjon for Rognskog vindkraftverk på fjellet mellom Halsa og Surnadal kommuner. Slik den nye naturmangfaldlova legg opp til er det viktig at utbyggar syter for at kjennskapen til naturgrunnlaget er tilstrekkeleg til at ein veit kva som vil bli påverka og om påverkinga kan reknast å vere akseptabel. Naturvernforbundet peikar på fleire tilhøve som det er viktig å få utgreidd skikkeleg.
Medan dei fleste av vindparkane som så langt har vore meldt har vore ved kysten, er det ein litt annan natur Agder energi i denne saka legg opp til å planleggje i. Området ligg mellom 400 og 700 m over havet. Mykje tyder på at det er ei rad rovfuglartar og andre fugleartar som held til i og nær det aktuelle området. Desse må kartleggast. Elles har Naturvernforbundet vore på synfaring i området og lagt merke til at det i alle fall i år er usedvanleg mykje gauk i området. Det kan t.d. tyde på at det finst ein kvalitet her som ikkje er så vanleg andre stader. Slikt må undersøkast nærare.
Botanikken i området varierer, dette må også registrerast på ein ordentleg og etterretteleg måte. Det same meiner Naturvernforbundet er viktig å sikre for støy, uorganisert friluftsliv, kulturlandskap og vegbyggjing til turbinene.
Agder energi skriv i meldinga si at «Det planlagte vindkraftanlegget ligger i et område der det er betydelig underskudd på kraft, og anlegget vil kunne gi et betydelig bidrag til å redusere kraftunderskuddet i Midt-Norge.» Naturvernforbundet nyttar høvet til å peike på at det i ei konsekvensutgreiing av Rognskog vindkraftverk også må utgreiast andre, billegare og meir miljøvennlege måtar å skaffe forbrukarane i Midt-Noreg den same kraftmengda som Agder Energi legg opp til gjennom si utbygging.
Kontaktperson for denne saka i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er fylkesleiar Øystein Folden. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Fråsegna frå Naturvernforbundet til NVE
Agder energi produksjon: Melding for Rognskog vindkraftanlegg i Halsa og Surnadal kommuner. Okt 200
Kristiansund og Nordmøre Turistforening med kritiske kommentarar i desember 2009