Naturvernforbundet ber om miljøinformasjon frå Refa i Herøy

Naturvernforbundet har bede om informasjon om ulike tilhøve ved anlegget til Refa Frøystad Group i Herøy.

Miljøinformasjonslova gir Naturvernforbundet rett til å få svar på våre spørsmål til verksemder om ulike miljøtilhøve. Naturvernforbundet har fått tips om at det kan skje utlekking av miljøfarlege stoff frå anlegget til Refa i Herøy. – Sidan vi ikkje har fått undersøkt innhaldet i desse tipsa sjølve, har vi bede verksemda om informasjon, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

– Vi var ikkje nøgde med dei svara vi fekk frå verksemda første gangen vi spurte dei, og difor har vi no sendt nye, meir konkrete spørsmål, seier Folden. Naturvernforbundet har også høve til å klage manglande svar inn for klagenemnda for miljøinformasjon.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Brev til Refa Frøystad Group 2. april 2007

Svar frå Refa til Møre og Romsdal fylke 1. desember 2007

Brev til Refa 16. januar 2007

Svar frå Refa til Naturvernforbundet 19. februar 2007

Brev frå Naturvernforbundet til Møre og Romsdal fylke

Brev frå Møre og Romsdal fylke til Refa Frøystad Group AS 22. november 2006

Oppsummering frå Naturvernforbundet 8. juni 2007

Søknad frå Refa i januar 2008