Naturvernforbundet ber om tilrettelegging for friluftsliv i samband med skogsvegbygging

Ein skogeigar i Tingvoll har søkt om å få byggje skogsbilveg for å ta ut vindfelt virke (Dagmar). Naturvernforbundet ber om at det blir stilt nokre krav i samband med utbygginga.

unknown

Det er snakk om om lag 200 m veg som må byggjast på dyrkamark, mens om lag 50 m blir bygd inne i skogen + snuplass og lassbærerveg (20-25 m).

Naturvernforbundet ber konkret om at det i vedtaket blir sett vilkår om at eit areal til parkering for 3 bilar blir sett av til friluftslivbruk i tilknyting til anlegget. Samtidig vil vi be Tingvoll kommune å finne ei ordning slik at det kan merkast med ein kommunal frilufts-P.

Naturvernforbundet ber om at det blir knytt vilkår slik at hogst av ein del skog som ikkje er granskog først kan gjennomførast etter at dei biologiske verdiane knytt til arealet er endeleg klarlagt.

Naturvernforbundet ber dessutan om at lifoten blir synfart med tanke på å kartlegge eventuelle kjelder og naturtypar i samband med desse.

Til slutt ber Naturvernforbundet om at hjortedyrbestanden blir redusert før det blir hogd av naturskogen i området.