Naturvernforbundet ber Statnett leggje kraftlineplanar på is

Den 420 kV kraftlina som er planlagt mellom Fardal og Ørskog er det største naturinngrepet som er påtenkt på Vestlandet nokon gong. Naturvernforbundet kan ikkje sjå at det er nokon av alternativa som i samla skade skil seg frå dei andre. Difor går Naturvernforbundet allereie i uttalen til meldinga mot å gi konsesjon til lina.

Naturvernforbundet krev utgreiing av sjøkabel som alternativ til kraftline. Det bør også vurderast om denne kabelen bør gå til Ørskog eller til Aukra. Det er også eit krav frå Naturvernforbundet at alternativa til å overføre kraft frå Indre Sogn blir utgreidd, altså ei omfattande satsing på energisparing i Midt-Noreg, kombinert med utbygging av nye fornybare energikjelder og gasskraft med CO2-handtering.

Dessutan er Naturvernforbundet sterkt kritisk til om det er rett å byggje ei line for å opne for omfattande ny kraftutbygging i Sogn og Fjordane. Ei rekkje av dei planlagte kraftutbyggingane i Sogn og Fjordane er svært kontroversielle, og Naturvernforbundet vil ikkje ofre meir umisteleg natur for å halde kraftprisene kunstig låge.

Naturvernforbundet framhevar elles reiseliv som ein aktivitet som er i sterk konflikt til kraftlineplanane, og som det er mogleg å satse på utan å forringe naturressursene på Vestlandet på ein slik måte som lina vil.

Lars Haltbrekken er leiar i Norges Naturvernforbund kontaktast. Han har telefon 91 61 21 91.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Leiar Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har telefon 41 65 91 44. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les uttalen frå Naturvernforbundet til meldinga

Folkeaksjonen mot 420 kV luftlinje Ørskog-Fardal med pressemelding