Naturvernforbundet ber TimberTech om miljøinformasjon

TimberTech marknadsfører seg som «miljøvennlege» materialar til bruk i hagen. Naturvernforbundet er kritiske til alle som marknadsfører produkta sine som miljøvennlege, og fylkesleiar i Møre og Romsdal, Øystein Folden, har difor sendt ei rekke spørsmål til TimberTech. Miljøinformasjonslova gir Naturvernforbundet krav på svar på slike spørsmål.

Dei konkrete spørsmåla Naturvernforbundet ber om svar på er:

1. Dei råstoffa som ikkje er fornybare vil Naturvernforbundet ha oversyn over. Naturvernforbundet spør difor etter kva stoff det er og kva mengde det er tale om.

2. Naturvernforbundet ber om å få vite kva kunstige hjelpestoff som blir nytta i produksjonen som ikkje inngår i det ferdige materialet. Naturvernforbundet spør etter kva stoff det er og kva mengde det er tale om.

3. Naturvernforbundet ber om å få vite kva energimengde som går med til å framstille ferdig vare. I spørsmålet inngår også type energi.

4. På heimesida er det tilrådingar om reinhald av produkta. Naturvernforbundet ønskjer å få kjennskap til miljøeffektane av det reinhaldet TimberTech legg opp til.

5. Naturvernforbundet spør om produktet inneheld stoff som står på prioritetslista eller OBS-lista til styresmaktene, eventuelt også stoff som er klassifisert som kreftframkallande, reproduksjonsskadelege, arvestoffskadelege eller miljøskadelege?

6. Til slutt spør Naturvernforbundet om produktet er merka med eit av dei offisielle miljømerka (Blomsten eller Svanen), er det merka med eit anna miljømerke (t.d. den svenske ordninga Bra miljöval) eller ligg det føre ein miljøvaredeklarasjon eller ei anna miljøsertifisering av produktet?

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les brevet frå Naturvernforbundet til TimberTech

Svar frå TimberTech 25. april 2008

Vedlegg til svaret 25. april 2008

Svar frå TimberTech 24. april 2008

Vedlegg til svaret 24. april 2008

Kommentar frå Naturvernforbundet 26. april 2008