Naturvernforbundet bryt med skogbruket – trekk seg frå arbeidsgruppe

Etter 3 møter i styringsgruppa for strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal 2007-2015 vil Naturvernforbundet melde frå om at vi trekker oss frå det vidare arbeidet i gruppa.

Vi har oppfatta formålet med strategiplanen slik at Møre og Romsdal skulle lage ein plan som peika ut ein veg framover for skogbruket. Då er det sjølvsagt at ikkje berre økonomi, men også økologi og biologisk mangfald blir ein del av strategiplana. Utan økologiske føringar vil det vere uråd å selje tømmer i framtida.

Vår oppleving av arbeidet i gruppa er at skogbruket sjølv meiner dei veit alt om skog. Noka tilpassing til omsyn som gjeld biologisk mangfald utover lova sitt minstemål kjem ikkje på tale i andre høve enn viss det er råd å tene pengar på det.

Stortinget har vedtatt at dei ønskjer å stanse tapet av biologisk mangfald i Noreg innan 2010. Nesten halvparten av artane på rødlista lever knytt til skog. I den handboka for kartlegging av biologisk mangfald som Direktoratet for naturforvaltnings har gitt ut, inngår 12 naturtypar i hovudnaturtypen skog. Dette illustrerer kor viktig det er å ta vare på naturtypar av spesiell verdi for biologisk mangfald i skog.

Når det i arbeidet med ny skogbruksplan for Møre og Romsdal t.d. blir lagt opp til at Naturvernforbundet skal akseptere påstandar som at grana i heile Møre og Romsdal må reknast som naturleg skog, då kan Naturvernforbundet ikkje innestå for dette arbeidet.

Etter Naturvernforbundet sitt syn legg planutkastet no opp til å favorisere industriskogbruk som går utover vilkåra for biologisk mangfald.

Naturvernforbundet si oppmoding til fylkespolitikarane er at dei må sikre at det utkastet til skogbruksplan som arbeidsgruppa leverer må gjerast til gjenstand for ei ekstern fagbiologisk vurdering før det blir lagt fram til politisk handsaming.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les heile grunngjevinga til Naturvernforbundet

Siste utkast til strategiplan – august 2007

Svar frå Møre og Romsdal fylke 31. august 2007