Naturvernforbundet: – Dette er ikkje nok

Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen la søndag fram eit forslag til auka satsing på energisparing og nye fornybare energikjelder. Naturvernforbundet er glade for at regjeringa endeleg har klart å prioritere feltet, men er ikkje nøgd med amisjonsnivået. – Regjeringa sitt forslag om å subsidiere vasskraftutbygging vil bli møtt med mykje motstand, lovar Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

– Dette er ei satsing som er mykje viktigare enn svevande formuleringar om gasskraftverk, seier Folden. – Gasskraftverk er ikkje bra for miljøet, men sidan det er så ulønnsomt er det til alt heller ikkje nokon som vil kaste vekk pengar etter dei. Dei pengane Enoksen lova søndag vil derimot føre til at det blir frigjort meir elektrisk energi, også i Midt-Noreg. Samstundes har Enoksen gitt konsesjon til vindparken i Ytre Vikna i Nord-Trøndelag. Dette vil gi eit viktig bidrag til energiforsyninga i Midt-Noreg. – Naturvernforbundet ønskjer ikkje å vere for negative, men vi synest nemninga ”historisk løft” er noko svulstig, meiner Folden. – Dette ser meir ut til å vere ei vidareføring av den satsinga som er i gang, men for all del, berre ei vidareføring av gode idéar er noko nytt i norsk energipolitikk. Naturvernforbundet er sterkt usamd i forslaget frå Enoksen om å subsidiere vasskraftutbyggingar. Naturvernforbundet kan godta ei forsiktig utbygging av små vasskraftverk, men utbygginga må skje ut frå regional heilskapleg planlegging for å sikre at ikkje naturmangfald, friluftsliv eller store landskapsverdiar går tapt. Det er dessutan det at vi i så stor grad må nytte vasskraft som gjør at forsyninga i Noreg kan vere sårbar for tørrår. Forsyninga blir ikkje tryggare av meir vasskraftutbygging. – Satsing på sparing og varme ville vere mykje betre løysingar, meiner Folden. På ein pressekonferanse presenterte olje- og energiministeren planane om eit fond på 20 milliardar kronar for å styrke innsatsen for fornybar energi og energieffektivisering. Enova skal forvalte satsinga. Dei viktigaste grepa er ei såkalla ”feed in-ordning” for ny kraftutbygging (også vasskraft), altså ei støtte til kraftprodusentar. Enova får også nokre nye oppgåver:

– styrke infrastrukturen for fjernvarme

– stimulere hushaldingar til energisparing og oppvarming basert på nye fornybare energikjelder

– etablere vrakpantordning for oljekjelar.

Øystein Folden kan treffast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Uttale frå Naturvernforbundet i Nord-Trøndelag til Ytre Vikna vindpark: Betinga ja