Naturvernforbundet dokumenterer: Svartlista for uønska artar må utvidast

Naturvernforbundet har sett på korleis utanlandske treslag spreier seg i fylket. Som ein del av dette har Naturvernforbundet oppdaga at det er planta både japanlerk og hybridlerk, utan at nokon har særleg kunnskap om kva som har skjedd vidare. Rapporten viser at desse artane spreier seg i norsk natur.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal søkte Miljødirektoratet om midlar til kartlegging av spreiing av japanlerk i Møre og Romsdal og fekk innvilga tilskot til prosjektet «Japanlerk si spreiing i Møre og Romsdal».

Når vi har undersøkt kva som står om desse treslaga i samband med svartelistevurderingar, ser vi at det er heller ikkje stort. Om artar finst, så ligg det belegg i eit eller anna museum. For japanlerk og hybridlerk ligg det i grunnen lite i musea, og då er konklusjonen at då finst dei ikkje der ute heller. Årsaka til mangelen av belegg er vel i grunnen ganske klar: Kven interesserer seg vel for innførte artar? Det er jo mykje meir interessant med orkidear og raudlisteartar. Dei innførte artane er tre som ein treng halvannan meter av for å få med seg fem årgangar av kvist. Når ein veit at dette er flatt og tørka, så kan det ikkje festast på eit A4-ark, men treng ein heil papirsekk. Så ligg kvisten og ein haug med nåler i sekken. Det er gjerne ikkje så rart at det finst få belegg.

Då vi søkte om middel til prosjektet visste vi ikkje om vi kom til å finne japanlerk eller hybridlerk på dei stadene vi hadde fått opplysningar om. Det blei difor lagt opp til at ein skulle kartlegge hybridlerk også viss det viste seg at det ein trudde var japanlerk var hybridlerk. Kva har vi så kartlagt? Rapporten fortel i alle fall at vi har funne hybridlerk som spreier seg til naturen i Møre og Romsdal. Det står også om japanlerk i rapporten, men det viser seg at det kan vere vanskeleg å skilje japanlerk frå hybridlerk som eigenskapsmessig ligg nær japanlerk. Truleg kan det vere vanskeleg å fastslå at ein har japanlerk i det heile utan bruk av DNA-teknologi. Dermed kan det hende at dette er ein rapport om japanlerk, og at framtida fortel at ikkje ein einaste av dei rapporterte små frøspreidde trea, eller dei store som er planta er japanlerk. Men vi veit likevel mykje meir om raudgreina lerk i Møre og Romsdal enn for nokre månader sidan.

Funna i rapporten bør få konsekvensar for norsk svartlista.

Både undersøkingane i marka og rapportskrivinga er utført av Øystein Folden.