Naturvernforbundet er kritisk til reiselivssatsing i strandsona på Nerås

Det er fremja eit forslag om reguleringsplan for naust / hytter, oppstillingsplassar for campingvognar og tilhøyrande servicebygg på Nerås. Naturvernforbundet i Vestnes er kritiske til planane, den ukritiske utbygginga av strandsona i Vestnes til no gjør det vanskeleg å godta meir nedbygging i framtida.

I dag er området til ei viss grad tilrettelagt for allmenta. Her er veg og parkeringsplass i tilknyting til ei av dei største og mest unike samlingane av gravrøyser i Vestnes. I tillegg er det eit mykje brukt rekreasjons- og friluftsområde, både på sjø og land. Her finst gapahukar og leirplass i skogen, flotte turmoglegheiter etter veg og stiar langs sjøen, her er badeplassar, fiskeplassar, laksesett og mèd frå gamal tid. Her kan ein slappe av og nyte stilla, oppleve kulturminne og eit variert dyreliv.

Dersom det blir etablert campingplass her, vil ikkje dette området lengre ha dei kvalitetane det har i dag. Det vil bli eit område dominert av turistar, der dei fastbuande vil ha avgrensa tilgang og føle seg uvelkomne. Me i Naturvernforbundet meiner difor at enno meir bygging og tilrettelegging for turisme i dette området er svært uheldig.

Me vil òg vise til den nye PBL som gjeld frå 1. juli 2009, der PBL § 1-8 om forbod mot tiltak o.a. langs sjø og vassdrag, erstattar PBL § 17-2 om forbod mot bygging og frådeling i 100-metersbeltet langs sjøen. Den nye lova innskjerpar byggeforbodet i strandsona, slik at det no må takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser ved spørsmål om utbygging i 100-metersbeltet. Dette gjeld både i samband med utarbeiding av planar og ved avgjerder i dispensasjonssaker. I område med sterk konkurranse om strandsona, er det spesielt viktig å unngå bygging av omsyn til allmenne interesser.

Det har vore ei uheldig utvikling når det gjeld nedbygging av strandsona i Vestnes. Det største problemet er at nausta faktisk ikkje er naust, men hytter. Bygga er mykje større enn 25-30 m2, som er anbefalt for naust. Dei har ofte to-tre etasjar, er innreidd og har innlagt straum og vatn. Dei har skarpe fargar, spisse takvinklar, store og mange vindauge, verandaar og plattingar på alle kantar osv. Dette gjer at strandsona blir meir og meir privatisert og vanskelegare tilgjengeleg for allmenta. Er det slik me ynskjer å ha det her?

Nokre meiner at ein må tillate bygging i strandsona for å få folk til å busetje seg i Vestnes. Men ein må ikkje gløyme å ta vare på dei som allereie bur her. For dei er det kanskje lett tilgjenge til den flotte naturen som gjer at dei trivst og vil vere her. Slik me ser det, er det mest rettferdig at alle kan nytte seg av strandsona der dei bur, enn at berre nokre få utvalde får høve til det. Det er ikkje ein menneskerett å få bygge i strandsona, og behovet er ikkje som det ein gong var, då folk hadde fiske og jordbruk som einaste næringsveg.

Naturvernforbundet meiner at Vestnes kommune, i samband med Møre og Romsdal Fylke, må innskjerpe praksisen med å tillate bygging i strandsona. Vestnes er den kommunen i Møre og Romsdal som dei siste åra har gjeve flest dispensasjonar frå PBL § 17-2, om dele- og byggeforbod i 100-meterbeltet langs sjøen. Kommunen er plikta til å følgje dei lover og reglar som gjeld, så me håpar at det frå no av vil bli vanskelegare å få løyve til bygging i strandsona, og at det blir sett strengare krav til korleis bygningane skal sjå ut og kvar dei skal ligge.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Vestnes til Vestnes kommune

Rapport om nedbygging av strandsona på Nerås

Innspel frå Naturvernforbundet 20. juli 2009