Naturvernforbundet etterlyser klimaforståing i fylkeskommunen

Eit fylke som har vedtatt ein klimaplan, men som ikkje bruker han i si eiga fylkesplanlegging for samferdsel, det fylket kjem aldri i mål med ein klimaplan – då blir det som så mange gonger før med miljøbiten – han er framme i festtaler og elles ligg han i skuffen. Naturvernforbundet er skuffa over temaplanen «Ferjefri E39 i Møre og Romsdal».

Kristian S. Aas

Naturvernforbundet har ei rekke kritiske merknader til temaplanen, som i liten grad ser ut til å ha blitt miljøfagleg vurdert.

I anna samferdselsplanlegging her i landet er det no plikt til mellom anna å sjå på om einkan finne løysingar t.d. ved hjelp av utbygging av kollektivtilbod som alternativ til bygging av fleire vegar. Det har visst administrasjonen gløymd i denne utgreiinga.

Det er ingen drøfting av dei store konfliktane det skapar å legge vegprosjekt inn i område som er verna eller definerte som truga eller prioriterte naturområde.

Klimarekneskapen som er utarbeidd i samband med fjordkryssingsprosjekta ser ikkje ut til å vere gjennomsiktige og av ein slik kvalitet som klimarekneskap bør ha i 2010.

Naturvernforbundet fryktar det er liten sjanse for at fylkespolitikarane vil vurdere miljøomsyn i samferdselssakene sine, utan at det bør hindre nokon i å peike på at politikarane manglar samanheng i argumentasjonen sin.