Naturvernforbundet etterspør avfallsplan etter nedbrenning av hus i Halsa
Naturvernforbundet har i fleire høve etterspurt miljødokumentasjon etter ei nedbrenning i Halsa. Naturvernforbundet purrar no i formelt brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Naturvernforbundet veit ikkje om det er manglande avfallsplan eller manglande utlevering av dokument som er problemet. Men vi reknar med at det er Fylkesmannen som er rette vedkomande å vende seg til i båe fall. Så no ber vi om at Fylkesmannen tar tak i denne saka.
Naturvernforbundet sitt engasjement i saken skuldast enkelt og greitt at vi meiner det er viktig at avfall blir handsama korrekt. Viss det er useriøse firma som tar snarvegar, vil seriøse firma bli konkurrert ut, og det vil bli uråd å drive med avfallshandsaming på ein miljøforsvarleg måte.