Naturvernforbundet etterspør svar frå Fylkesmannen

Kopi av epostar.

Fra: Øystein Folden

Sendt: 27. januar 2009 21:36

Til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Emne: Fw: Klage – miljøinformasjonslova

Vedlegg: klage – miljøinformasjonslova.pdf; Kystverket – svar om miljøinformasjon 11-12-2008 001.tif

Som det syner under sendte Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ei sak over til Fylkesmannen 13.12.2008. Det er halvannanan månad sidan. Kan det tenkjast at Fylkesmannen no snart vil seie frå om kor lenge sakshandsaminga kjem til å vare i denne saka før vi kan rekne med å få eit svar? Eller kan hende saka er moden nok til at vi kan få eit ferdig svar no ganske snart?

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden

leiar

—– Original Message —–

From: Øystein Folden

To: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Sent: Saturday, December 13, 2008 9:38 PM

Subject: Klage – miljøinformasjonslova

Kystverket seier i vedlagd brev at Fylkesmannen er rette vedkomande for klage når det gjeld miljøinformasjonslova på vedtak som er gjort av Hamnevesenet. Vi er ikkje sikker på om vi forstår kvifor, men viss Fylkesmannen er samd med Kystverket i dette, så ber vi om å få svar hos dykk på brevet (vedlagt) som opprinneleg blei sendt til Kystverket. Kjem de til ei anna vurdering av det spørsmålet må vi be om å få litt hjelp til å finne ut av dette.

Kystverket har brukt over ein månad på å finne ut at dei ikkje var rette vedkomande, så vi håper det går fortare no.

Deler av saka verserer som klagesak etter plan- og bygningslova i Tingvoll kommune.

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden

leiar