Naturvernforbundet etterspør svar om miljøgiftbruk i Skeismarka

Naturvernforbundet purrar Surnadal kommune i samband med eit spørsmål om bruk av impregnert trevirke til tilrettelegging i friluftsområdet Skeismarka.

Naturvernforbundet sendte sommaren 2010 eit spørsmål til Surnadal kommune om bruken av miljøgiftar. Manglande svar kan vere brot på miljøinformasjonsloven og grunnlag for klage til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet hadde fleire spørsmål til Surnadal kommune om miljøvurdering av det arbeidet som er gjort på ein tursti gjennom Skeismarka no i sommar. Det går særleg på bruk av impregnert plank i våte område og transporten av desse materialane.

Naturvernforbundet har forstått det slik at det er brukt impregnert (grøn) material, dvs. ei impregnering med kopar. Sjølv om koparimpregnert material ikkje er å rekne som spesialavfall etter avfallsforskriften er ein del koparforbindalser giftige. Dei
virker særleg på sopp og bakteriar, slik at ikkje desse skal bryte ned treverk. Lekkasjen frå koparimpregnert material er i alle fall 3 gonger så høg som for den gamle CCA-impregneringa, og når koparen lek til naturen er naturen også impregnert mot sopp og bakteriar. Slikt kan rote til det naturlege krinslaupet, og det bør ein jo gjere litt for å unngå så langt som råd.

Dei seinare åra er det utvikla alternative impregneringsmåtar som t.d. er giftfrie og svanemerka. Naturvernforbundet ber om å få dei vurderingane som er gjort i prosjektet når det gjeld bruk av impregnerte materialar og kva alternativ somhar vore vurdert.

Elles er det i samband med opparbeiding av stigar ein betydeleg tradisjon for å bruke materialar frå staden, slik at ein reduserer transportbehovet, i tillegg til at ein ikkje fører inn t.d. framtidig ureining i form av t.d. koparhaldige materialar.

Når det gjeld transporten av materialar vil vi spørje korleis dette er ordna medomsyn til lov om motorferdsel i utmark.

Vidare ønskjer vi å høyre om Surnadal kommune nytter seg av DN-handbok 27-2006 i prosjekteringa av turstigar som denne.