Naturvernforbundet foreslår løysing i kanalsaken i Skodje

Etter mykje usemje og mange harde ord, både i media og på møte, foreslår Naturvernforbundet no ei løysing for den omstridde kanalsaken i Skodje.

I korte trekk foreslår Naturvernforbundet denne løysinga:

1) Skodje kommune må slå fast at denne grøftinga var ulovleg. Det er viktig å slå fast at myr er ein naturressurs vi må ta vare på i Møre og Romsdal, og det er viktig å slå fast at skogbruket må etterleve dei miljøkrava som gjeld for næringa.

2) I den grad det er mogleg må skaden reparerast. Naturvernforbundet meiner det er ekstra viktig å gjøre noko med den austre delen av den kanalen som er gravd ut. Denne delen påverkar vasshushaldet i Solnørvassdraget som er verna. Myr er naturen sin utjamningsmekanisme slik at kraftig regnver ikkje umiddelbart fører til flaum lenger ned i vassdraget. Vidare vil ein i tørrare periode få tilsig frå myrene slik at ein får ei viss lågvassføring. Ved grøfting vil tida frå regnver til at vatnet er i hovudvassdraget minke, og lågvassføringa vil kunne bli mindre enn det som er normalt. Slik området ligg no er myra langs kanalen tørrlagt i stor grad. På sørsida av kanalen vil det bli fortgang i attgroing med skog. På nordsida av kanalen ligg det open jord i stor breidde, i tillegg til uttørkinga. Her vil det vere svært gode føresetnader for attgroing, slik ein t.d. ser i vegkantane i området. I hovudsak bjørk på torvjorda og moglegheit for furu spesielt på område med mineraljordinnblanding. Som følgje av auka tempo i attgroinga vil kantsoner mellom rabbar og myr slik det er i dag bli borte. Slike kantsonar er biologisk verdifulle i tillegg til at det opne landskapet er langt meir innbydande for friluftsliv enn ein meir og mindre einsarta furuskog. Naturvernforbundet krev difor at heile den austre delen av kanalen må fyllast att. Dette må gjerast etter rettleiing frå restaureringsøkolog.

3) Skjøtselsplanen for området må sjå dei ulike brukarinteressene i samanheng. I område som har så stor verdi for friluftslivet må skogbruket innrette seg til dette. Det tyder at plantasjepreget på skogsdrifta slike stader må vere bortimot fråverande. Morosame (krokete) tre må i nokon grad få stå og treavstanden må få vere meir ujamn. Daud ved er positivt både for biologisk mangfald og friluftsliv.

Bakgrunnen for saka var ein grunneigar som grøfta opp to samanhengande myrområde på Haugstølen i Skodje. Slik grøfting er ulovleg etter skogloven (§ 5 i forskrift om berekraftig skogbruk), og Naturvernforbundet meinte difor kommunen måtte reagere i saka. Kommunen innførte meldeplikt for skogbrukstiltak i området, og dei starta arbeidet med ein skjøtselsplan for området. Naturvernforbundet var ikkje nøgd med dei tiltaka kommunen foreslo, og klaga på dette. Ordføraren i Skodje tok då initiativ til møte og synfaring 20. august 2008 i saka for å prøve å finne løysingar. I oppfølginga av dette har Naturvernforbundet foreslått ei løysing.

– Naturvernforbundet er nøgd med at ordføreren i Skodje har tatt saka på alvor og freistar å finne løysingar i denne saka, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les forslaget til løysing frå Naturvernforbundet

Møteinnkalling frå Skodje kommune