Naturvernforbundet framleis mot utbygging av Aurstadelva

Naturvernforbundet går framleis sterkt imot prosjektet. – Vi ser endringane som kosmetiske, seier Johan Hustadnes og Knut Festø i Naturvernforbundet i ein uttale til det nye framlegget til utbygging av Aurstadelva.

Naturvernforbundet i Volda og Ørsta går sterkt imot nedbygging av Aurstadelva. Elva har store estetiske verdiar som er viktige for folk si daglege naturoppleving og for satsinga på naturbasert turisme. Fossane må ikkje fjernast, men heller gjerast lettare tilgjengeleg. Rasteplassen ved riksvegen er eit godt utgangspunkt for det.

Naturvernforbundet er også glade for det store engasjementet mot prosjektet. Det er vanskeleg å gå imot kjentfolk si satsing, så det er tydeleg at folk set stor pris på elva som ho er. Handsaminga av saka så langt tener både bygdefolket og Volda kommune til ære, meiner Hustadnes og Festø.

Sunnmørsposten 10. januar 2006

Lesarinnlegg 9. januar 2006

Uttale frå Olav Håvik

Les heile uttalen frå Naturvernforbundet til NVE

Oversendelse av klage på avslag – august 2007

Sjølve klagen på avslag i Aurstadelva – august 2007

NVE sitt syn på klaga – Aurstadelva – desember 2007

Aurstadelva Foto: Naturvernforbundet

Heidaelv – Aurstadelva Foto: Naturvernforbundet

Aurstadelva i Austefjorden i Volda Foto: Naturvernforbundet

Aurstadfossen i Austefjorden i Volda Foto: Naturvernforbundet