Naturvernforbundet går hardt ut mot bustadbygging i Retiroparken

– Byen treng sine grøne lunger. Det er nesten utruleg at Molde kommune ikkje ser kva ressurs området vil vere for bydelen og byen, når dei på tvers av eigne vurderingar likevel vel å leggje til rette for bustadbygging i friområdet. Dette skriv Naturvernforbundet i Molde i ein uttale til oppstart av reguleringsplanarbeid for Retiroparken.

Naturvernforbundet i Molde går inn for å bevare heile Retiroparken til friområde, og oppmodar kommunen om å søke om statlege midlar for sikring av friområdet.Vidare krev vi at planen må verne Tøndergårdsbekken som eitt av dei få opne vassdraga i sentrumsnære Molde.

Leiar i Naturvernforbundet i Molde er Astrid Buset. Ho har telefon 48 27 67 98. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Molde til Molde kommune