Naturvernforbundet går mot oppdrett på Slettnes i Gjemnes

Lerøy Hydrotech AS har søkt Gjemnes kommune om dispensasjon fra kommuneplanen for å etablere eit akvakulturanlegg ved Slettnes. Naturvernforbundet ber kommunen om ikkje å gi dispensasjon.

Øystein Paulsen

Naturvernforbundet ser det slik at akvakulturverksemd innafor Gjemnessundet/Bergsøysundet må sjåast i samanheng med mellom anna vassdraga med sjøaure og laks som har utlaup i denne fjorden. Det er problem med Gyrodactylus salaris knytt til fleire av vassdraga, og ein mogleg smitteveg mellom Batnfjordselva og dei andre smitta vassdraga kan moglegvis skuldast tilhøve i fjordsystemet. Til ein finn ut av dette og har løyst problemet om det er mogleg, ønskjer Naturvernforbundet at verksemd som kan vanskeleggjere dette blir unngått i så stor grad som mogleg.

Sjølv om lakselus moglegvis har vore eit mindre problem i denne fjorden enn mange andre stader, er situasjonen knytt til lakselusa generelt så usikker no at ein må redusere risikoen for komplikasjonar med denne så mykje som råd, og særleg i fjordsystem der det påverkar vill fisk.

Problem knytt til røming og innblanding av uønska genar har også blitt eit problem i denne fjorden, slik vi blei påminna om sist haust. Røming skjer sjølv om nøtene er heile og drivarane ikkje skjønar at det går an at fisken slepp ut. Dette er alle moment som seier at akvakulturverksemda ikkje skal utvidast. I det minste må ein ta ei pause, slik at ein kan få avklare ein del samanhengar og verknader.