Naturvernforbundet går mot utbygging av Myrholtelva i Surnadal
– Dei negative konsekvensane av dette prosjektet er så store at dette anlegget ikkje skal byggast, meiner Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Det er mange vassdrag som er bygde ut i Surnadal. Naturvernforbundet meiner Surnadal kommune no må gjøre ei samla vurdering, både av vassdragsnaturen sin og av korleis kommunen kan ta grep for å ta betre vare på naturmangfaldet sitt.
Naturvernforbundet er uansett kritiske til utbygginga av Myrholtelva på grunn av ei slik utbygging vil ha innverknad på store naturområde som i dag er lite påverka.
Naturvernforbundet har elles merka seg at omsynet til laks truleg fører til at søknaden uansett blir stoppa av vassdragsstyresmaktene.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre