Naturvernforbundet glade for nullutslippsferger på Sunnmøre
To av dei største fergesambanda i Møre og Romsdal, Festøya – Solavågen og Ørsneset – Magerholm, er ute på anbod. Statens vegvesen krev bruk av miljøvennleg drivstoff i begge sambanda. Det er berre nullutsleppsdrivstoff det er lov å kalle miljøvennleg, og Naturvernforbundet er nøgd med at Statens vegvesen for første gang stiller så strenge krav. Dersom Statens vegvesen ikkje hadde stilt så strenge krav til drivstoffet, meiner Naturvernforbundet det hadde vore ganske sannsynleg at dei to sambanda ville blitt «dumpingplass» for fergemateriell som er tatt ut av drift i andre samband, kanskje materiell som elles kunne blitt oppgradert slik at dei forureina mindre.
Dette vil gi ein klimagevinst, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. – Det at Statens vegvesen krev at alle reiarlaga som gir tilbud skal garantere bruk av nullutsleppsdrivstoff er noko heilt nytt i Noreg. Naturvernforbundet skriv difor brev til Statens vegvesen, både for å gratulere og for å be om nokre presiseringar i anbodskonkurransen.
Naturvernforbundet har gått gjennom anbodsdokumenta for konkurransen som er utlyst på Sunnmøre. Med det systemet som er vald for kjøp av fergetenester, kan både Samferdselsministeren, fylkespolitikarane og Statens vegvesen kome med så mange vakre ord dei berre vil om klima og luftforureining; det er innhaldet i konkurransegrunnlaget fergerederia må levere tilbod i forhold til.
Samferdselssektoren har store utfordringar når det gjeld klimagassutslepp som gir global oppvarming. Sjøgåande transport har også store utslepp av nitrogenoksidar (NOx) som gir lokale og regionale miljøskader. I § 3-1 i forskrift om innkjøpsregler i forsyningssektorene heiter det m.a.: ”Offentligrettslige organer skal under planleggingen av den enkelte anskaffelse ta hensyn til livssykluskostnader, universell utforming og miljømessige konsekvenser av anskaffelsen.” Naturvernforbundet bad i april 2007 Statens vegvesen legge stor vekt på miljøomsyn ved val av fergetilbod i Romsdalsregionen. Vi kan ikkje sjå at Statens vegvesen fann grunn til å svare på oppmodinga til Naturvernforbundet den gangen.
I konkurransen som no er ute for sambanda Festøya – Solavågen og Ørsneset – Magerholm, to av de største fergesambanda i Møre og Romsdal, har Statens vegvesen skjerpa seg. Her er det nemlig eit krav om at fergene skal nytte ”miljøvennlig drivstoff”. Dette med bruk av uttrykket ”miljøvennlig drivstoff” er eit svært omstridt tema, som m.a. Forbrukerombodet har hatt til vurdering. Det som er klart er at berre nullutsleppsdrivstoff har høve til å marknadsføre seg som ”miljøvennlig drivstoff”. Det vil difor ikkje vere høve til å drive fergene på fossil marin gassolje eller på fossil naturgass. I praksis er det bioolje, biodiesel og biogass som er dei aktuelle teknologiane i dag. Bioolje er olje frå plante- eller dyrerestar, biodiesel er diesel produsert på slik bioolje, medan biogass er metan frå nedbryting av plante- eller dyrerestar og avfall (i motsetnad til fossil naturgass som er fleire millionar år gamal metan).
Naturvernforbundet trur desse svært strenge krava skulle vore kommunisert tydelegare til reiarlaga som skal gi tilbod på sambanda. I konkurransegrunnlaget kan det sjå ut som om det er høve til å gi tilbod på ferger drive på fossil naturgass, men så lenge Statens vegvesen stiller krav om miljøvennleg drivstoff vil dei måtte avvise slike tilbod. Forbrukerombodet har i ei avgjerd i 2004 slått fast at påstandar om at ”naturgass er miljøvennleg” er villeiande.
Naturvernforbundet er nøgd med at Statens vegvesen i denne saka har tatt Lavutslippsutvalet sine tilrådingar til seg. Lavutslippsutvalet hadde som to av sine femten hovudsatsingar for eit klimanøytralt Noreg ”Innfasing av CO2-nøytralt drivstoff som bioetanol, biodiesel, biogass og hydrogen” og ”Utvikling og innfasing av lavutslippsfartøy”. Lavutslippsutvalet framheva offentlege kjøp av varer og tenester som ein viktig stad å starte dette arbeidet.
Naturvernforbundet vil også ta litt av æra sjølv. Vårt krav om eit nasjonalt klimaforlik har ført til at opposisjonen i Stortinget har fremja 61 krav til Regjeringa si klimamelding. Eit av desse krava er: ”Hver tiende liter solgte drivstoff skal være biodrivstoff innen 2012. Omsetningen må økes til hver femte liter innen 2020. Dette skal gjennomføres ved bruk av pålegg ovenfor bensinstasjonkjedene, avgiftspolitikken, støtteordninger til miljøbiler og offentlige innkjøp.” Gjennom å stille krav til bruk av biodrivstoff på fergestrekningane Festøya – Solavågen og Ørsneset – Magerholm kjem regjeringa på denne måten opposisjonen i møte.
Dersom Statens vegvesen ikkje hadde stilt så strenge krav til drivstoffet, meiner Naturvernforbundet det hadde vore ganske sannsynleg at dei to sambanda ville blitt ”dumpingplass” for fergemateriell som er tatt ut av drift i andre samband, kanskje materiell som elles kunne blitt oppgradert slik at dei forureina mindre.
Dersom Statens vegvesen hadde latt vere å gjennomføre dei relativt enkle forbetringstiltaka for å redusere klimagassutslepp, som er mogleg i denne konkurransen, ville mange til å spørre kvar Statens vegvesen meiner dei kutta i forureining innan samferdselssektoren vi faktisk treng skal skje framover.
Naturvernforbundet ønskjer likevel at Statens vegvesen skal ta inn nokre fleire krav til korleis det drivstoffet som skal nyttast på fergane er produsert. Det er viktig å sikre at biodrivstoff sikrar ein reell klimaeffekt, og det er viktig å unngå at produksjonen av biodrivstoff går ut over andre sentral miljøomsyn, som omsynet til biologisk mangfald. Naturvernforbundet vil rå Statens vegvesen til å stille krav om at alt biodrivstoff som nyttast må oppfylle dei komande krava til svanemerking av slikt drivstoff.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet
Les brevet til Statens vegvesen
Konkurransegrunnlaget for fergesambanda