Naturvernforbundet godtar begrensa utbygging av Råssåa i Surnadal
I ein uttale til Norges vassdrags- og energidirektorat aksepterer Naturvernforbundet ei begrensa utbygging av Råssåa i Surnadal.
Naturvernforbundet godtar utbygging, men utan regulering av Sulvatnet, og dessutan må inntaket flyttast nedover i vassdraget slik at Trollheimen landskapsvernområde ikkje blir påverka. Vidare krev Naturvernforbundet at det gamle turbinrøyret må fjernast som farleg avfall.
Elles går det fram at ein nyinstallert pelletskamin er meir effektiv for å avhjelpe kraftunderskotet enn å bygge dette kraftverket. Det skuldast at pelletskaminar er effektive om vinteren når vassføringa er for lita til å gje kraftproduksjon.
Øystein Folden
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
6630 Tingvoll
tlf 918 12 542/71 53 33 31
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre
Naturvernforbundet: Nei til alt?
Ei samanstilling av dei ulike kraftprosjekta på Indre Nordmøre.
Les uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til NVE