Naturvernforbundet i Møre og Romsdal inviterer til inspirasjonsseminar på Ørskogfjellet

Det blir inspirasjonsseminar, årsmøte og jubileumsfest for Naturvernforbundet i Møre og Romsdal laurdag 13. mars på Fjellstova på Ørskogfjellet.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har vore synlege i 40 år, og det har vi lyst til å halde fram med. Difor samlar vi no gamle og nye aktive og passive medlemmer til eit inspirasjonsseminar med jubileumsfestmiddag. Det er bra om du har høve til å vere med på dette!

Samlinga blir på Fjellstova på Ørskogfjellet laurdag 13. mars, Timeekspressen stoppar rett utanfor døra. Det er lagt opp til overnatting til søndag; Ørskogfjellet har svært gode skiløyper for dei som vil ta seg ein tur før heimreise.

Programmet ser slik ut:

1000-1100: Velkommen, kaffe, litt frukt

Timeekspressen frå Volda 0750 og Ålesund 0900 er på Fjellstova litt over 1000, Timeekspressen frå Kristiansund 0805 og frå Molde 0940 er på Fjellstova litt etter 1030.

1100-1330: Steinar Alsos frå Norges Naturvernforbund: Korleis kan vi vinne fleire miljøsaker?

1330-1430: Lunsj

1430-1800: Korleis får vi Naturvernforbundet ut i media?

Korleis tenker journalistane – og korleis byggjer vi opp vår argumentasjon for å få han ut til folk?

1830: Årsmøte

Saklista ser slik ut:

1) Godkjenning av innkalling og sakliste

2) Årsmelding for 2009

3) Rekneskap for 2009

4) Arbeidsplan for 2010

5) Budsjett for 2010

6) Val av:

a. Fylkesleiar

b. Fylkesstyre

c. Valkomité

7) Innsendte saker – saker fremja frå fylkesstyret, lokallag og medlemmer innan 27. februar 2009.

Sakar kan fremjast til fylkesleiar Øystein Folden på epost moreromsdal(a)naturvern.no

1930: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 40 år.

Festmiddag med levande musikk (Boots frå Vestnes)

Søndag går det Timeekspress til Ålesund og Volda kl. 1340, 1530 og deretter kvar time. Timeekspress til Molde og Kristiansund kl. 1300, 1500 og deretter kvar time.

Du melder deg på med å sende ein epost til moreromsdal@naturvern.no der du oppgir:

O Namn, telefon og epost

O Deltaking på dagtid laurdag (gratis)

O Deltaking på festmiddagen laurdag (220 kr)

O Overnatting på Fjellstova og frokost søndag (400 pr. hytte – enkel standard, 700 kr pr. hytte med bad)

Det blir levande musikk og kjekke folk. Få med deg dette!

Presentasjon om medietrening

Presentasjon om mediestrategi