Naturvernforbundet i Rauma ønsker politikerskolering i miljø
Behovet for å skolere politikerne bedre i natur- og miljøsaker, bærekraftig turisme og Friluftslivets år var blant sakene på årsmøtet i Naturvernforbundet i Rauma.
ÅRSMØTE I NATURVERNFORBUNDET I RAUMA
vart halde på Hotell Aak torsdag 10/2
Ca. 15 medlemmer møtte fram.
Me hadde ein bolk med meir uformelle, men etter vårt syn viktige programinnslag, før den meir formelle delen av møtet.
Hans den Dikken var invitert til å snakke om ECEAT. (Eciological and agricultural tourism)
der målsettinga er å stimulere til bærekraftig småskalaturisme på bygda. Organisasjonen har si eiga nettside der interessant informasjon er tilgjengeleg.
Foredraget førte til interessante spørsmålsstillingar og debattar.
Leiar i fylkeslaget Øystein Folden kom og snakka om aktuelle saker på lokallags-og fylkesplanet og viktigheita av eit godt samarbeid mellom desse to styra/laga.
Øystein oppfordra til å ha eit medvite forhold til å bruke fylkesstyret. Ofte kjem ein i lokallaga vel tett inn på personar i små bygdelag og treng avstand for å fronte saker på ein truverdig måte.
Me ser at denne formen for samarbeid har tent saka om sorteringsplan for vassdraga i kommunen. Det var veldig fint å ha med Øystein til å tydeleggjere dette og me er glade for at han hadde høve til å vere med på årsmøtet.
ÅRSMØTE, formell del.
Innleiing ved Gunn Nordheim Morstøl.
Anne Øien refererte årsmeldinga.
Val:
Innstillangar frå valkomiteen ved Reidun Skjølsvik.
Alle innstillingar godtekne utan nye forslag.
Gunn N. Morstøl held fram som leiar.
Anne Øien
Beate Volstad
Bjørn J. Pedersen
Jon Aasen (nyvald)
Elsa Sølsnes, ungdomsrepresentant (nyvald)
Regnskap lagt fram av Beate Volstad. Godkjend.
Konstituering på førstkomande styremøte.
Dei frammøtte var alle ivrige debatantar i diskusjonane vidare på møtet.
Viktig å merke seg er ønsket om å legge uttalelsar frå styret ut på nettet. Øystein Solevåg administrerer dette arbeidet.
Ein ser viktigheita i ei eller anna form for politikerskolering i miljøvernsaker og få til eit betre samarbeid med politikarane om vegval vidare i kommunen i natur og miljøvernsaker.
Laget ser elles med forventning fram mot å legge til rette for program i Friluftslivets år!
Anne Øien (ref)