Naturvernforbundet i Tingvoll inviterer til tur langs Rønningsbekken

Naturvernforbundet i Tingvoll inviterer dei som har lyst med på ein tur langs Rønningsbekken. Vi startar ved Småbåthamna fredag 30.12. kl. 13.00.

Turen går på småvegar og stiar, og for dei som har lyst og skotøy: i laussnøen nærare bekken. I løpet av ein times tid har vi fått sett på nokre av partia av bekken som mange ikkje har lagt merke til, i tillegg til at vi har vore ute.

Når vi har kome opp på riksvegen og sett oppover mot Einlia, har vi sett og gått den beste biten, så då går vi heim igjen.

Turen høver for alle som kan gå.