Naturvernforbundet i Vestnes kritisk til behandlinga av naustutbygging på Furneset

Det er planane om fem naust Naturvernforbundet reagerer på. Dette blir behandla utan reguleringsplan, og det er tvil om det i det faktisk er naust som blir bygde.

Naturvernforbundet i Vestnes meiner i utgangspunktet at Vestnes kommune må innskjerpe praksisen med å tillate bygging i strandsona. Vestnes er den kommunen i Møre og Romsdal som har gjeve mest dispensasjonar frå plan- og bygningslova når det gjeld bygging i 100-metersbeltet dei siste åra. Dette er ikkje akkurat noko å vere stolt av.. Kommunen er plikta til å følgje dei lover og reglar som gjeld, så me i Naturvernforbundet håpar at det frå no av vil bli vanskelegare å få løyve og dispensasjonar til bygging av såkalla naust.

Det har vore ei veldig uheldig utvikling når det gjeld nedbygging av strandsona i Vestnes dei siste åra. Det største problemet er at nausta faktisk ikkje er naust, men hytter. Bygga er mykje større enn det som er anbefalt for naust (25-30 m2), dei har ofte to-tre etasjar, skarpe fargar, store vindauge og dører, spisse takvinklar, verandaar og plattingar på alle kantar, innlagd straum og vatn osv. Dette gjer at strandsona blir meir og meir privatisert og vanskelegare tilgjengeleg for allmennheita.

Planane for bygging av fem naust på Furneset er eit så stort prosjekt at det ikkje bør behandlast som ein dispensasjonssøknad, men regulerast gjennom ein reguleringsplan. Dersom kommunen ynskjer naust i dette området, må det setjast strenge krav til korleis desse nausta skal sjå ut. Ut frå teikningane vil dette bli enorme bygg i fleire etasjar, med plattingar, verandadører osv. Tilkomstveg med bom er vel òg ganske privatiserande? Slike inngrep ynskjer me ikkje langs kysten vår. I tillegg har me fått tips om at det er ein del ål i dette området. Ålen er til opplysning ein kritisk truga art og er å finne på den Norske Raudlista. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet i Vestnes