Naturvernforbundet i Vestnes med mange merknader til forslaget om massetak på Furneset

Naturvernforbundet i Vestnes er kjent med planane for eit masseuttak på Furneset. På bakgrunn av dei beståande biologiske verdiane samt friluftsbruken av området, reagerer lokallaget på omfanget av planlagt verksemd.

Heilt generelt kan ein seie at naturområdet representerer eit samanhengende skogsområde, som må sjåast i samband med myrareal og kystfuruskog ved sjøen. Område av denne typen nær bebygginga har minka kraftig i utstrekning i dei seinare tiåra.

Naturvernforbundet peikar på at området har viktige naturverdiar og verdiar for naturoppleving, og ønskjer å bli involvert i det vidare planarbeidet for massetaket.

Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes. Han har telefon 97 18 60 58. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet i Vestnes

Vedtak i Vestnes kommunestyre om økonomisk støtte til planlegginga av massetaket