Naturvernforbundet klagar ikkje på vasskraftkonsesjon i Rindal

Svorka Energi AS har fått konsesjon til utbygging i Brandåa i Rindal. Konsesjonen frå NVE er stramma inn i forhold til søknaden, og Naturvernforbundet kan difor godta dei inngrepa det blir lagt opp til.

Naturvernforbundet ber i staden Rindal kommune om å utarbeide ein delplan for vassdraga som er att i kommunen, slik at dei mest verdifulle vassdraga blir liggande ville, medan eventuell utbygging skjer i dei vassdraga der verdiane utanom kraftutbygging er vesentleg lågare.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les uttalen frå Naturvernforbundet