Naturvernforbundet klagar på fellingsløyve
Rovviltnemnda for Midt-Noreg har gitt såkalla «betinga skadefellingsløyve» for både jerv, gaupe og ulv for perioden 1. juni 2013 – 15. februar 2014. Naturvernforbundet klagar no på vedtaket om fellingsløyve.
Naturvernforbundet kan akseptere skadefelling av inntil tre jerv og to gauper, så lenge dette skjer i Nord-Trøndelag. Naturvernforbundet krev vidare at det ved eventuell felling av ulv er kjent på førehand kva individ det er snakk om.
Naturvernforbundet viser til at det i den sørlegaste delen av regionen er langt frå at måla om ynglande rovdyr er oppfylt. Difor er det viktig at eventuell skadefelling blir gjort der stammen er litt meir berekraftig.
Klagen er signert av både Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag og Naturvernforbundet i Nord-Trøndelag.