Naturvernforbundet klagar på heli-skiing i Nesset og Rauma

Naturvernforbundet reagerer på det store omfanget av søknader om å nytte helikopter i fjellheimen i Nesset og Rauma den siste tida. – Naturvernforbundet ønskjer ikkje at heli-skiing skal bli eit reiselivsprodukt i vårt fylke, seier leiar Øystein Folden.

Naturvernforbundet er også kritiske til at tre selskap skal få løyve til å nytte helikopter i store delar av fjellheimen i Nesset og Rauma heile våren. Det at søknadene om å nytte helikopter blir sendt nesten same dag som helikopteret landar er heller ikkje god skikk.

Dette er eit verdifullt landskap. Det skal fortsatt vere verdifullt, difor må vi unngå motorferdsel her. Det er mange stader i verda det blir drive med heli-skiing. Skal vi skilje oss ut frå mengda må vi gjere det ved å seie at fjella våre er for verdifulle til å forstyrre dei med helikoptertrafikk. – Då har vi også eit ualminneleg godt reiselivsprodukt, meiner Folden.

Naturvernforbundet sendte vinteren 2007 i alt fire klagar i denne saka; tre til Nesset kommune og ei til Rauma kommune. Seinare har det blitt fleire klagar. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å ta vare på naturen

Klage til Nesset kommune på dispensasjon frå verneforskrift – TAC

Klage til Nesset kommune på dispensasjon frå verneforskrift – Heimen

Vedtak i Rauma kommune – Fri flyt

Vedtak i Rauma kommune – The Arctic Challenge (TAC)

Vedtak i Rauma kommune – NIKE V/Heimen

Klage på vedtak i Nesset kommune på dispensasjon frå motorferdsellova – TAC

Søknad fra The Arctic Challenge – Helikopter- og scootertillatelse i Rauma kommune

Rauma kommune – behandling av Naturvernforbundet sin klage på The Arctic Challenge

Søknad fra The Arctic Challenge- utvidelse av helikoptertertillatelse i Rauma kommune, mars 2007

Rauma_ Utvidelse av søknad fra The Arctic Challenge

Rauma kommune_ Behandling av klage frå Naturvernforbundet på heli-skiing – Motion Blur AS

The Arctic Challenge i Romsdalen – Aktuelle fjelltopper

Klage på vedtak – TAC – Rauma

Lesarinnlegg frå lokalpolitikar i Nesset

Fylkesmannen si avgjerd – The Arctic Challenge – Rauma

Fylkesmannen si avgjerd – The Arctic Challenge – Nesset

Fylkesmannen si avgjerd – Motion Blur – Rauma