Naturvernforbundet klagar på helikopterløyve til NRK

NRK Hordaland søkte 2. juli 2010 om løyve til å lande med helikopter på Skårasalen i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. NRK fekk løyve til å lande på Dalegubben. Naturvernforbundet klagar på saksbehandlinga i kommunen.

Naturvernforbundet er mellom dei som representerer brukarar som har rettar i norsk natur. Desse rettane kan framstillast som ei lagdelt kake der eigedomsretten kan seiast å vere eit lag, ymse bruksrettar som beite osb. eit anna lag, og vår rett er altså å kunne drive enkelt friluftsliv uforstyrra. I tillegg finst også ein annan rett, naturen sin rett til å vere natur. Den retten er det kommunen som skal passe på, men Naturvernforbundet vil passe på at kommunen følgjer opp dette. Når kommunen gir løyve til helikopterbruk med så korte fristar som det er gjort i denne saka, mistar alle andre brukarinteresser sin rett til å gjøre seg gjeldande. Naturvernforbundet er også usikre på om det verkeleg er nødvendig å gi løyve til slike saker.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les klagen frå Naturvernforbundet til Ørsta kommune

Søknad frå NRK Hordaland

Fråsegn til søknaden