Naturvernforbundet klagar på henlegging

Nordmøre og Romsdal politidistrikt har henlagt naturvernforbundet sin anmeldelse av brot på motorferdsellova i Lunddalen i fjor vinter. Naturvernforbundet har no påklaga henlegginga til statsadvokaten.

Det var i januar 2006 at Naturvernforbundet i Molde anmeldte brot på motorferdselslova på Lunddalsvatnet i Molde kommune. Fleire kjørety var involvert; ein uregistrert snøscooter, ein traktor, 2 uregistrerte bilar og 5 registrerte bilar. Forholdet var ekstra alvorleg ettersom motorferdselen utgjorde ein fare for både born og vaksne skigåarar.

Politiet henla saka på bakgrunn av bevisets stilling den 8. desember 2006.

Naturvernforbundet er ikkje nøgd med etterforskinga i saka, ma. er det ikkje gjennomført tilstrekkjeleg med vitneavhør, og lokallaget har heller ikkje blitt kontakta vedkomande bildedokumentasjonen ein har frå hendinga.

Naturvernforbundet opplyste ved anmeldelsen av saka om at desse kunne sendast over på forespørsel. For å få fortgang i saka, sendte difor Naturvernforbundet den 8. desember i år over bileta til Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Naturvernforbundet meiner politiet har fatta vedtak om henlegging på sviktande grunnlag, og difor har påklaga henlegginga til statsadvokaten.

Leiar i Naturvernforbundet i Molde er Astrid Buset. Ho har telefon 48 27 67 98. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid

Klagen frå Naturvernforbundet til Statsadvokaten

Ny purring til politiet