Naturvernforbundet klagar på kraftverk i Rindal: NVE har ikkje gjort jobben sin!

Naturvernforbundet er svært kritiske til dei manglande vurderingane av dyre- og planteliv NVE gjør i konsesjonsbehandlinga si. Dette kjem fram i ein klage Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sender til Olje- og energidepartementet på at NVE har gitt konsesjon til utbygging av Gryta kraftverk i det nasjonale laksevassdraget Surna.

Gryta kraft har søkt om å få byggje ut fallet i Gryta, om lag ein kilometer nordvest for Rindal sentrum. Gryta er ei lakseførande flomelv, kraftverket vil redusere den lakseførande lengden av elva. Fleire av høyringsinstansane har vore kritiske til utbygginga.

Naturvernforbundet har vore særleg kritisk til at vurderingane av konsekvensar for dyre- og planteliv i søknaden frå utbyggar var svært mangelfull, Naturvernforbundet gir fleire døme på slike manglar.

NVE kommenterer ikkje på noko punkt i si saksbehandling dei feila og manglane Naturvernforbundet har peika på. – Naturvernforbundet meiner dette er ein saksbehandlingsfeil, altså at NVE ikkje har gjort jobben sin, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Forvaltningsloven krev at NVE sikrar at saka er så godt opplyst som råd før dei treff vedtak i slike saker.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Les klagen frå Naturvernforbundet til Olje- og energidepartementet