Naturvernforbundet klagar på lisensfellingar av jerv og ulv

Rovviltnemnda i region 6 har slik Naturvernforbundet ser det, vedteke alt for mange lisensfellingar for jerv og ulv i Midt-Noreg. Naturvernforbundet klagar på fellingane og ber om at ikkje kvota blir utvida før klagen er behandla

Av ulv er det i vår region påvist tre ulike individ denne sommaren, og ein av dei er skoten tidlegare. Når nemnda har gitt kvote på to til, betyr det at dei ønskjer å avlive ulven som viste seg å ha særleg etterlengta framandt blod. Noreg og Sverige har inngått avtale om forvaltning av ulv som er innvandra frå Finland/Rusland dei siste åra, men slike avtaler har ikkje rovviltnemnda tatt på alvor. Eit minimum må vere at ein vurderer å flytte slike individ til Sverige, slik det er sagt bør gjerast, om det ikkje er anna råd. Elles må det også vere mogleg at streifande ulv kan kome innom Midt-Noreg utan å få dødsdom.

Det er påvist to jervynglingar meir enn det forvaltningsplanen har som mål, men ei av desse ynglingane er alt avliva i hiet. Verken Møre og Romsdal eller Sør-Trøndelag nådde målet innafor fastsett yngleområde. På dette grunnlaget burde kvota bli sett ned ganske mykje denne vinteren. Det er ei plikt å forvalte jervstammen slik at ynglemålet kan bli nådd neste år, og det vil ein ikkje få til med kvota som er vedtatt. Rovviltnemnda har heller ikkje tatt omsyn til at den sørvestlege jervstammen ligg under fastsett ynglemål.  

Naturvernforbundet foreslår i sine klager konkrete forslag til alternative kvoter for fellingsløyver.