Naturvernforbundet klagar på løyve til avfallsanlegg på Husøya i Kristiansund

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt Norsk Gjenvinning AS løyve til oppstart av eit handteringsanlegg for næringsavfall og farleg avfall på Husøya i Kristiansund. Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy klagar på vedtaket.

Naturvernforbundet meiner det manglar ei god nok vurdering av samla belastning på naturverdiane. Dette er eit krav i § 10 i naturmangfoldloven. Avfallsanlegget ligg nært Fugløya naturreservat og det er fleire andre tiltak i det same området som kan ha innverknad på naturverdiane i dette reservatet. Det er også ein gyteplass rett utanfor anlegget, og fjorden har allereie dårleg vasskvalitet, noko som tilseier at Fylkesmannen burde vere meir restriktiv med å gi løyve til ytterlegare tiltak som kan ha negativ verknad på vasskvaliteten.

Klagen sendes Fylkesmannen i Møre og Romsdal som skal videresende klagen til Miljødirektoratet for behandling. Naturvernforbundet ber om at klagen får oppsettande verknad.

Generelt etterlyser Naturvernforbundet ein større plan der samla miljøbelastning for området blir vurdert; dette ville vere naturleg for ei stor utbygging av ein oljeforsyningsbase. Den bit-for-bit-saksbehandlinga som skjer no er uheldig.