Naturvernforbundet klagar på løyve til brenning av giftige tunnelmatter

Tafjord Kraftvarme har fått løyve til å brenne tunnelmatter som er farleg avfall av di dei innehalder bromerte flammehemmarar. Naturvernforbundet klagar på dette løyvet.

Naturvernforbundet har klaga på det generelle løyvet Tafjord Kraftvarme har fått frå Møre og Romsdal fylket. Denne klagen er til behandling i Statens forurensningstilsyn. Difor reagerer Naturvernforbundet på at denne enkeltsaka blir behandla utanfor klagen.

Naturvernforbundet er elles kritiske til at eit avgrensa forsøk, der resultata etter det vi kan sjå ikkje har vore vitskapleg publisert, med avgrensa brenning av nokre bromerte flammehemmarar i forbrenningsanlegg skal vere grunnlaget for å fravike eit viktig prinsipp i avfallspolitikken og -regelverket, nemleg at det farlege avfallet ikkje må blandast med anna avfall.

Geir Ole Sætremyr i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn kan kontaktes på telefon 90 85 41 20.

Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringer

Klagen frå Naturvernforbundet i Ålesund og omegn

Løyvet frå Møre og Romsdal fylke

Rapport om brenning av bromerte flammehemmere

Fylket sender klagen videre til Statens forurensningstilsyn

Foreløpig svar frå SFT 10. juli 2008