Naturvernforbundet klagar på løyve til vassuttak i Skorgeelva

Våren 2009 ytra Naturvernforbundet i Vestnes seg kritisk til søknaden frå skisenteret på Ørskogfjellet om å få løyve til å ta ut vatn frå Skorgeelva til bruk i snøkanonane. Heilt tilfeldig blei Naturvernforbundet nyleg gjort kjent med at NVE – Norges vassdrags- og energidirektorat – har behandla ei sak og gitt løyve til slikt uttak. Naturvernforbundet klagar på vedtaket og på saksbehandlinga til NVE.

NVE har behandla fleire søknader frå Ørskogfjell Skisenter AS, og har i ei fråsegn 13. november 2009 slått fast at dei ikkje vurderer uttak av flaumvatn frå Skorgeelva til verke negativt inn på allmenne interesser i området. Naturvernforbundet er usamd i dette.

Viss vedtaket skal konkludere med at tiltaket ikkje er konsesjonspliktig meiner Naturvernforbundet vedtaket må innehalde bestemmelser om kor stor minstevassføringa skal vere før det er å rekne som tapping av flaumvatn som ikkje løyser ut konsesjonsplikt. Vidare at det blir sett krav om at det blir laga ein inntaksinnretning slik at kven som helst kan forstå at kravet til minstevassføring blir respektert. Vidare meiner Naturvernforbundet i Vestnes det må fastsettast vilkår for at tapping av bassenget over til elva skal vere konsesjonsfri.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Klagen frå Naturvernforbundet i Vestnes

Spørsmål frå Naturvernforbundet til NVE

Fråsegn frå NVE om konsesjonsfritak frå vassressurslova

Søknad frå Ørskogfjell Skisenter

Førebels svar på klage

Klage frå Vestnes kommune

Vedtak om konsesjon i samband med basseng

Søknad frå Ørskogfjell skisenter 2. juli 2009