Naturvernforbundet klagar på myr-rasering i Skodje

Naturvernforbundet har fått tips om grøfting av Fyllingsmyrene nær Haugstølen i Skodje kommune. Slik grøfting kan øydelegge eit verneverdig landskap. Etter litt detektivarbeid i byråkratiet har Naturvernforbundet avdekka mangelfull saksbehandling, og organisasjonen klagar difor no på grøftinga.

Konkret har Naturvernforbundet klaga på konklusjonane i ein synfaringsrapport frå Møre og Romsdal fylke, sidan denne må oppfattast som eit godkjenningsvedtak for tiltaket.

I alle fall ein del av området det her er tale om er ein del av Fyllingsmyrene som i Naturbase er registert som lokalt viktig kulturlandskap. Kanalisering av landskapet vil over noko tid kunne føre til attgroing og endring av landskapet. Denne følgja er ikkje nemnt i det heile i synfaringsrapporten. Tilslamming av vassdrag lenger ned er ikkje vurderingstema aleine for om tiltaket er til skade. Landskapet har stor verdi for friluftslivet i området og endring av landskapet har følgjer for utøving av friluftslivet.

Området er ein del av eit regionalt viktig friluftsområde. Momentet er ikkje nemnt i synfaringsrapporten. Kanalane har både lengde, breidde og djupne som hindrar friluftslivet sin bruk av området. Når kanalane blir delvis fylte av snø vil det også kunne oppstå situasjonar som kan vere farlege, sidan det ser ut til å stå ein god del vatn ein del stader.

Naturvernforbundet har fått opplyst at kanalane passerar vasskiljet til Solnørvassdraget. I så fall har vi å gjere med eit tiltak som endrar tilhøva med omsynet til vasshushaldet i eit verna vassdrag.

I synfaringsrapporten er det vist til at grunneigar ønskjer å grøfte eit planlagd hytteområde. I alle fall ein del av grøftinga er gjort utanfor det regulerte området H5-23 og har i alle fall ikkje heimel i reguleringsplan.

Sjølv om det alt har skjedd skade ved grøftinga, vil attfylling av grøftene likevel vere beste løysinga. Arbeidet må gjerast systematisk slik at tilhøva blir rekonstruert så langt det er mogleg og at det ikkje oppstår nye skader under arbeidet. Uttørkinga av områda vil då avgrensast ein god del. Faren for attgroing som følgje av opptørking og mindre beite vil bli redusert. Hindringane og risikoen for friluftsutøvinga vil kome bort.

Naturvernforbundet meiner denne saken er alvorleg, og han bør få konsekvensar for mange:

Grunneigar har i dette høvet tatt seg til rette i langt større grad enn det som kan aksepterast som manglande kunnskap om lovgjevinga. Det krev ein reaksjon.

Medverknaden eller manglande reaksjon frå det lokale landbrukskontoret er svært kritikkverdig og må også få følgjar slik at denne typen mangelfull sakshandsaming ikkje oppstår på nytt. Vi tykkjer nok også det hadde vore naturleg at vi på grunnlag av førespurnaden vår i denne saka tidlegare i sommar hadde fått kjennskap til dei breva som etter kvart ligg føre i saka.

Skogbruksetaten på kommunenivå må vidare få på plass rutine for at planlegging av skogbruket i dette området skjer i ordna former der også t.d. friluftslivet får høve til å medverke.

Fylkeslandbrukskontoret si handsaming utan å ta andre instansar med på råd er grunnlag for ein rutinegjennomgang. Einskapsfylketankegangen tyder at kundane skal få eitt svar sjølv om fleire avdelingar er innblanda og gjer vurderingar, ikkje at fylkeslandbrukskontoret avgjer alle spørsmål på andre sine vegne, slik vi har oppfatta det i denne saka.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les klagen frå Naturvernforbundet

Brev om grøfting frå B. E. Fylling 25. juni 2007

Brev frå Møre og Romsdal fylke 15. august 2007 om grøfting ved Barlindhaugsætra i Skodje kommune

Synfaringsrapport frå Møre og Romsdal fylke 27. august 2007

Brev om grøfting og beiting 15. september 2007

Naturbase: Dokumentasjon av området

Brev til Møre og Romsdal fylke 18. juni 2007

Kart over området

Bilde av grøfter

Mann i grøft – Skodje

Grøft med omrota breidd – Skodje

Grøft med roleg vatn – Skodje

Grøft med hytte i bakgrunnen – Skodje