Naturvernforbundet klagar på Rognskarvegen i Skodje

Skogbrukssjefen i Skodje har gitt løyve til ein skogsveg opp Rognskaret mot Nihusen i Skodje. Naturvernforbundet klagar no på dette vedtaket.

Naturvernforbundet reagerer på at natur- og friluftsinteresser ikkje er høyrt i saka. Dessutan spør Naturvernforbundet om skogbrukssjefen eigenleg hadde høve til å gi løyve til heile vegen, sidan delar av vegen ikkje kan forsvarast bygd som landbruksveg. Andre vegar enn landbruksvegar må til behandling etter plan- og bygningslova, noko som ikkje har skjedd i denne saka.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Klagen frå Naturvernforbundet