Naturvernforbundet klagar på skogsvegplanar i Gjemnes kommune

Administrasjonen i Gjemnes kommune og administrasjonen i Møre og Romsdal fylke har vore usamde om ein planlagd veg gir ei utnytting av skogsressursane som er rasjonell og rekningssvarande. Dette er eit vilkår for å kunne byggje vegar i skogen utan å måtte planlegge dei etter plan- og bygningslova. Naturvernforbundet har merka seg at eit av områda som det er strid om, ettersom det ser ut som om det må hoggast for å gjøre vegen rekningssvarande, er eit område med almeskog som er registrert som regionalt og nasjonalt viktig for naturmangfaldet. Politikarane i Gjemnes har gitt løyve til skogsvegen. Naturvernforbundet klagar på vedtaket, men er litt usikre på kven som er habile til å behandle ein klage.

Heile klagen er slik:

Vi viser til vedtak i formannskapet 9.6.2009 vedkomande ein skogsbilveg der Per Sæther er søkjar. Naturvernforbundet har fått dokumenta i saka pr. e-post 11.6.2009.

Naturvernforbundet har si interesse i saker som i hovudsak gjeld biologisk mangfald og friluftsliv.

I denne saka kjem det fram ein del prinsipp som vi meiner det er nødvendig å få prøvd i ei klagesak.

1. Vilkåret for at ein skogsveg skal handsamast etter landbruksvegforskrifta er at nytten ved vegen er større enn kostnaden.

Dei reknestykka som er presentert fortel ikkje det same. Kommunen sine reknestykke legg til grunn ein meir nøktern verdi når det gjeld fordelen av tiltaket enn det fylket gjer. Det er vidare sannsynleggjort at kostnaden med ny veg kan vere høgare enn det fylket legg til grunn.

I denne konkrete saka vil Naturvernforbundet peike på følgjande:

Ein del av skogen ligg i ein utskild naturtype i naturbasen, BN00001849, Perseterlia. I området finst det edellauvskog med alm. Det ligg ei klar tilråding om at denne skogen ikkje kan hoggast utan at det kan få konsekvensar for dei biologiske verdiane som er der. Det må tyde eit mykje meir avgrensa uttak, eller t.d. plukkhogst. Å legge til grunn ein økonomisk vinst av å køyre lastebil/vogntog framfor traktor til ein slik skogteig er uforståeleg. Økonomien knytt til dette arealet er eit viktig skil mellom kommunen og fylket si utrekning av vinsten med vegen.

Elles er det rekna eit større beløp som vinst ved planting og skjøtsel av allereie høgd areal. Vinsten ser ut til å vere utrekna som om det i dag ikkje finst vegar i området. At det å kunne byte ut traktoren med bil for å gjere slikt arbeid skal vere ein fordel er komplett uforståeleg. Kjenner vi bønder rett tar dei traktoren og køyrer så langt vegen går og litt til, noko dei ikkje kan gjere med bil. Dessutan er det mykje greiare å ha materiell bak i skuffa på traktoren, framfor i bagasjerommet på bilen. Skilnaden blir ekstra stor når det blir tale om å bære dette frå bilen og ut i terrenget, særleg viss ein kan køyre traktoren eit stykke ut i terrenget. Blir profesjonelle skogplantarar frå Polen nytta kjem vel desse heller i ein noko terrenggåande bil framfor ein låg merchedes og då har det ikkje sett ut for oss at ein traktorveg i høgare klasse er for dårleg.

Denne vinsten er teoretisk og utrekna ved eit skrivebord. Summen på ca. kr 185 000 kan reduserast med kr 135 000 i alle fall.

I utrekninga vil lønsemda vere betre jo lågare vegprisen er og jo høgare prisen for t.d. alternativ velteplass i tunet er. Viss ein legg til grunn at velteplass kostar like mykje som veg pr. rutemeter kan ein bygge ein velteplass på mellom 250 og 500 rutemeter for den vinsten fylket har rekna ut. Når delar av velteplassen ikkje treng ein slik standard, virkar det som om det er tale om for dyr velteplass eller for billeg veg.

Kommunen viser elles til kostnadene knytt til vegbygging den seinare tida som tyder på at kostnadene pr. meter veg er sett for lågt i fylket si utrekning.

Elles er det noko tale om fordel av vegen ved oppdyrking utan at det er konkrete planar. Utviklinga i jordbruket går fort i våre dagar. Mykje tyder på at fleire bruk vil bli lagt ned i tida som kjem. Til no har ikkje jorda gått ut av produksjon så lenge ho er høveleg arrondert. Det er difor lite truleg at areal vil gå ut av produksjon. Men det skal ikkje store generelle endringa i landbruket før interessa for nydyrking vil forsvinne nær totalt. Elles kan det diskuterast kor mykje meirnytte ein vil få av ein lastebilveg framfor ein god traktorveg i ein slik samanheng. Det er i alle fall ikkje mange vi veit om som bruker lastebil for frakt av rundball mellom jordet og fjøsen. Når ein gjer noko på jordet må ein oftast ha med traktoren likevel. Når det gjeld krattrydding som søkjar sjølv nemner meiner Naturvernforbundet å ha sett slik verksemd basert på traktor framfor bil i dei fleste høva. Fordelen med veg oppnåast difor med traktorveg, og bilveg vil vere fordyrande.

Søkjar opplyser elles at han har skogmiddel som han vil bruke i vegen. Dette kan vere betydelege beløp, men dei kan berre nyttast til godkjende føremål. Såleis kan ein ha kr 100 000 som ikkje er verdt noko før dei blir brukt. Særleg viss ein då bruker dei ved at ein gjer arbeidet sjølv og får betalt for utført oppdrag vil ein få ein motivasjon for å bygge vegar, sjølv om nytteverdien i høgste grad kan diskuterast. Utan eigenarbeid vil det ikkje tilføre bruket annan verdi enn ein skogsbilveg.

Naturvernforbundet meiner at vegen kostar meir enn vinsten ved å bygge han, og at landbruksvegforskrifta følgjeleg ikkje kan nyttast som heimel for å gje løyve.

2. Ein del av verdiane som er rekna med som grunnlag for vegprosjektet skriv seg frå utnytting mot klåre råd når det gjeld forvalting av område med alm.

Det er nettopp gjort vedtak om ei ny naturmangfaldlov som i prinsipp seier at det artsmangfaldet vi har ikkje skal gjerast skade på. Ein del av arealet som vegen er basert på innheld alm som står på raudlista som nær truga (NT). Det går fram av naturbase at almen er i sterk tilbakegang pga. manglande styring med forvaltninga av hjortevilt. Det er opplyst litt forskjellig om det finst alm i området som er styva frå gamalt av. Ein slik tilleggskvalitet gir grobotn for ytterlegare biologisk mangfald.

Landbruket må ta sin del av forpliktingane knytt til dette med biologisk mangfald. Det går ikkje an i 2009 å legge inn ein vinst av å fjerne slike verdiar. Her er det på tide at bonden driv litt meir jakt, slik at restane av almebestanden ikkje dauder, framfor å forsterke skadeverknaden med hogst for å bygge ein unødvendig høg vegstandard sjølv om strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal seier det skal vere bra.

Kontaktperson for denne saka i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er fylkesleiar Øystein Folden. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Klagen frå Naturvernforbundet til Møre og Romsdal fylke

Søknad om bygging av skogsveg

Kartvedlegg 1

Kartvedlegg 2

Høringsbrev frå Gjemnes kommune

Høyringssvar frå Møre og Romsdal fylke

Spørsmål frå Gjemnes kommune til Møre og Romsdal fylke om økonomiske vurderingar

Vurdering av nytte – kostnad frå Møre og Romsdal fylke

Vedtak i Landbruksforvaltninga i Gjemnes kommune: Avslag

Klage på avslag

Førebels svar på søknad om tilskot til vegen

Vedtak i formannsskapet i Gjemnes kommune 9. juni 2009: Løyve

Alm med hjortegnagFoto: Naturvernforbundet