Naturvernforbundet klagar på tre løyve til småkraftverk i Rauma

NVE har gitt konsesjonar til utbygging av Loftdalselva, Morgådalselva og Rabbelva i Rauma. Naturvernforbundet klagar på vedtaka og meiner løyva er gitt på sviktande grunnlag.

Det er store manglar ved den biologiske undersøkinga i alle desse tre sakene. Store verdiar er rett og slett oversett, og ein del er feilvurdert. Vurderingane til NVE er difor gjort på sviktande grunnlag. Her må det kartleggast på nytt i alle tre sakene. Eller søkjar kan la det vere og heller trekke søknadene. Det vil mange bli glade for.

Oppdatering 22. april 2016:

Då har NVE sendt over klagesakene i Rauma til OED, sjå vedlegg. Dei gir ingenting ved dørene. Naturvernforbundet hadde håpa på at det kom krav om tilleggsutgreiing.

Utbyggar seier i sin kommentar:

“Vidare kjem dei med fleire påstandar om ulike raudlisteartar som potensielt kan befinne seg i området. NVE har ikkje påvist desse potensielle artane sjølve, og har heller ikkje dokumentasjon på dette. Det er verken lagt fram bilete av verifiserte raudlisteartar eller definerte stadfunn innanfor prosjektområdet som viser at dette er i konflikt med prosjekta.”

Kven er det utbyggar tenkjer skal verifisere raudlisteartar som t.d. alm tru? Er det Sweco som er mest påliteleg til slikt?

NVE har nok ikkje påvist desse potensielle artane sjølve. Naturvernforbundet var med dei på synfaringa og synte fram raudlisteartane så mykje eg orka, men dei hadde det ganske travelt for å rekkje over 4 kraftverksaker på to dagar, særleg når ein del av tida gikk med til å finne gode stader for inntaket. Dessutan var nok biologen frå NVE var best på fisk. Gamle, styva, hole almar vekte ikkje den store interessa. Utbyggar har i grunnen ei interessant vinkling på dette.

Definerte stadfunn, kor mykje meir enn koordinatfesting kan det vere tru? Det er vel eit krav som gjeld oss og ikkje Sweco vil vi tru. Sweco har vel ikkje lagt inn noko som helst. Øystein Folden har lagt inn 49 funn av alm i området. Og litt andre ting også.

Rettleiaren om kartlegging frå 2009, pkt. 3.3:

For en senere bruk av data for naturtyper og terrestriske arter (rødlistearter og eventuelt andre interessante artsfunn) oppfordres det til å registrere disse i sentrale samlinger og databaser etter retningslinjer utarbeidet av DN i samråd med Artsdatabanken. Se ”Retningslinjer for innsending av naturtypedata og artsdata til Naturbase, Artsobservasjoner og databaser som er tilgjengelige gjennom Artskart” (Retningslinjer ligger under Generell informasjon på DNs kvalitetssikringsside. http://kvalitetssikring.dirnat.no).

Elles har dei ei rar vurdering av beitemarksopp. Det er Jordal som har lagt inn nokre observasjonar. Dei fortel i grunnen at setervollen i området har tilhøve som gjer at det finst raudlista beitemarksopp der. NVE tenkjer ein strek i form av veg over setervollen, og seier at påvisinga ikkje er akkurat der, og då er ikkje den raudlista beitemarksoppen relevant. I rettleiaren til småkraftverkkartlegginga seier dei vel at kartleggar skal grunngje kvifor det ikkje er artar sånn og slik når ein har grunn til å tru at dei kan vere der. Her er det altså ein setervoll der i alle fall noko har kvalitet som gir raudlistartar. Sweco bør då gå over arealet som går med til veg å sjekke at det ikkje er slik sopp der. I dårlege soppår vil ein ikkje kunne utelukke sopp, og då må ein sjå på om det er inngrep eller andre tilhøve som gjer at den aktuelle delen er øydelagd t.d. Er det ikkje noko slikt, så må kartleggar gå ut frå at det er potensial likt med det som er elles på vollen, sjølv om han ikkje har sett nokon art som teikn på det. 

Frå rettleiaren frå 2009:

4.3 Rødlistearter

Funn av rødlistearter i innfluensområdet skal presenteres i egen tabell.

Videre skal forekomst eller sannsynlig forekomst av rødlistearter i undersøkelsesområdet beskrives.

Dersom det konkluderes med at sannsynligheten for funn av rødlistearter er liten, må det gis en faglig begrunnelse for denne konklusjonen.