Naturvernforbundet klagar på ulvekvote

Rovviltnemnda i Midt-Noreg har fastsett ei kvote for lisensfelling av ulv. Naturvernforbundet klagar på vedtaket, og ber om at det ikkje blir lisensjakt på ulv i Midt-Noreg i 2014 eller 2015.

Naturvernforbundet sine fylkeslag i Midt-Noreg meiner eventuell ulvefelling i Midt-Noreg bør vere knytt til skadefelling i konkrete tilfelle, og berre etter at opphavet til den aktuelle ulven er klarlagd.

Naturvernforbundet viser m.a. til at tre av fem kvalpar frå eit ulvepar i Tiveden i Sverige er skotne det siste året, ein av desse i Sykkylven. Dette var kvalpar med eit genetisk opphav som var viktige for den langsiktige overlevinga til den Sør-Skandinaviske ulvestammen.

Lisensjakt er ikkje innretta mot spesielle individ. Då er jaktmålet ulavar som har vore i naturen gjennom ein heil beitesesong utan å ha blitt felt. Det er ikkje sikkert at dei har teke ein einaste sau. Det er heller ingen styring med opphavet til ulven.

Sjølv om det har vist seg å vere for dårleg kontroll også ved skadefelling, meiner Naturvernforbundet dette er ein langt tryggare måte å forvalte ulvestammen på enn lisensjakt.

Naturvernforbundet ber difor Klima- og miljødepartementet gjere om vedtaket i rovviltnemnda.